Du er her: Maihaugen: Opplandsarkivet, avd. Maihaugen: Gudbrandsdalsseminaret: Gudbrandsdalsseminaret 2014

Gudbrandsdalsseminaret 2014

Posten ga ut frimerker for å markere grunnlovsjubileet både i 1914 og i 1964.

Gudbrandsdalsseminaret 2014 opna eit nasjonalt jubileumsår. I 200 år har vi hatt vår eigen stat og eit styresett tufta på demokratiske idear og institusjonar. Dette skal feirast heile året til ende, men vi er blant dei aller første. Korleis fungerte det eineveldet som vi la bak oss? Kva var dei europeiske føresetnadane for det demokratiske omskiftet? Korleis greidde dei første generasjonane å forme eit ny framtid i ein krevjande situasjon? Vi går til historia attom 17. maitalene. Utløyste dei politiske hendingane i 1814 ei kjensle av fridom i dei breie lag i folket? Kva med gudbrandsdølane? Med den nyleg utkomne boka om 1814 i Oppland som eitt utgangspunkt vil det bli drøfta korleis det nye vart motteke her i Gudbrandsdalen. Vart livet annleis - eller snarare korleis vart livet annleis? Om den moderne staten Norge berre er 200 år gamal, så er nasjonen mykje eldre. Med utgangspunkt i tusenårsstaden Hundorp søkjer vi mot arkeologiske funn, mytar og segner på leit etter byggjesteinar under ein nasjonal identitet.

Sjå program.

Direktør ved Gudbrandsdalsmusea Torveig Dahl ynskte velkome.

Konservator ved Maihaugen Kåre Hosar leia seminaret og introduserte talarane.

Hundorp i historia

v/Jan Henning Larsen, professor, Kulturhistorisk Museum/universitetet i Oslo.

Foredraget som tekst (pdf - 6 MB)

1814 i Gudbrandsdalen.

v/Tore Pryser, professor ved Høgskolen i Lillehammer.

Foredraget kommer senere

Norge mellom borken og veden. Krysselden mellom Danmark, Sverige og stormaktene, og maktkampen om eineveldet eller parlamentarisk styre.

v/Øystein Rian, professor, Universitetet i Oslo.

Foredraget som tekst (pdf - 0.2 MB)

Frå Oplandenes Amt til Oppland fylke.

v/Per Øivind Sandberg, Historikar, tidl. Statsarkivar ved Statsarkivet i Hamar.

Foredraget som tekst (pdf - 0.2 MB)

Posten som nasjonsbygger.

v/Helge Sognli, Postmuseet.

Foredraget som tekst (pdf - 2.5 MB)

Brytningstid - fra blomster i silke til striper i ull.

v/Camilla Rudrud, Norsk institutt for bunad og folkedrakt.

Foredraget som tekst (pdf - 7.7 MB)

Avisa si samfunnsrolle.

v/Asbjørn Ringen, journalist.

Foredraget som tekst (pdf - 0.25 MB)

Stortingsmannen Ole Paulsen Haagenstad.

v/Ivar Teigum, historikar.

Foredraget som tekst (pdf - 0.5 MB)

Stortingsmannen Axel Thallaug.

v/Marit Hosar, Arkivleiar, Opplandsarkivet avd. Maihaugen.

Foredraget som tekst (pdf - 2.3 MB)

Arne Skuterud, Gudbrandsdal Historielag leia siste del og oppsummerte.



 
Arrangørar er:
Maihaugen, Oppland fylkeskommune, Gudbrandsdal Historielag og Gudbrandsdalsmusea og Opplandsarkivet avd. Maihaugen.