Du er her: Maihaugen: Opplandsarkivet, avd. Maihaugen: Gudbrandsdalsseminaret: Gudbrandsdalsseminaret 2012

Gudbrandsdalsseminaret 2012

Seminaret presenterte ny kunnskap om fleire av dei store jubilea i Gudbrandsdalen i 2012. Fire emner vart teke opp: Skottetoget i 1612, Vardar og bygdeborger, Anders Sandvigs jubileum og Sigurd Einbu.

2012 er eit jubileumsår i Gudbrandsdalen. Det er 400 år sidan slaget ved Kringen i Sel i 1612. Det er 150 år sidan Anders Sandvig vart fødd, grunnleggjaren av Maihaugen, De sandvigske samlinger på Lillehammer. Og det er 100 år sidan den sjølvlærde astronomen Sigurd Einbu frå Lesja oppdaga ei ny stjerne i stjernebildet Tvillingane. Nova Geminorum II 1912 Enebo fekk namn etter oppdagaren. Kringen. Maleri av Georg Strømdahl, 1897. Tilhører Skottetogsamlingen til Vertshuset Sinklair, Kvam.

Det såkalla skottetoget i 1612 markerte eit heller brutalt møte mellom leigetroppar på veg til oppdrag for den svenske kongen og ein stasjonær bondekultur. Både som ei historisk hending og eit propagandanummer i ettertid var ho eineståande. Langsetter dalen fanst såkalla bygdeborgar frå gamal tid, på fjelltoppar fanst veter eller vardar som del av eit statleg militært varslingssystem. I vår del av landet veit ein likevel lite om at krigsfaren var overhengande gjennom hundreåra.

Se programmet.


 
Arrangører er:
Maihaugen, Oppland fylkeskommune, Gudbrandsdal Historielag og Gudbrandsdalsmusea.

Bileta som er brukte er tekne av Torveig Dahl, Gudbrandsdalsmusea og Marit Hosar, Opplandsarkivet avd. Maihaugen.

Ågot Gammersvik, direktør ved Lillehammer museum ynskte velkome.


Slaget ved Kringen

v/Sjur Lonbakken.

Sjur Lonbakken si masteroppgave kjem i bokform i løpet av sumaren. 


Bruken av "Slaget ved Kringen" som ledd i den offisielle konstruksjonen av den krigerske norske bonden i truskap til den danske kongemakta 1612-1814

v/Øystein Rian.


Skottetoget i biletkunsten på 1700 og 1800-talet

v/Geir Neverdal.

Bruk av bileta i foredraget er enno ikkje avklart. Foredraget kjem seinare.


Musikkåseri om Sinklarslåttane

v/Knut Kjøk.


Bygdeborger og vardesystem i Gudbrandsdalen

v/Espen Finstad, Oppland fylkeskommune.


Datering av bygdeborger

v/Ingrid Ystgaard.


Anders Sandvig og Gudbrandsdalen

v/Kåre Hosar, Maihaugen.

Ein lengre artikkel om Anders Sandvig og Gudbrandsdalen kjem i jubileumsboka til Maihaugen 2012.


Tankar bak minnesmerket over Anders Sandvig - tekst

Tankar bak minnesmerket over Anders Sandvig - bilder

v/Bjørn Horten.


Sigurd Einbu - brevsamlinga fortel

v/Gunnar Bentdal.


Ivar Teigum oppsummerte seminaret og inviterte til nytt treff på Maihaugen den 30. Januar 2013.