Norsk laft til Shetland

Av Atle Ove Martinussen, spesialrådgjevar i NHU

Prosjektet tar utgangspunkt i eit arkeologisk funn frå Shetland som viser at det har stått ei norsk tømmerstove der på 1200-talet. Rekonstruksjonen skjer i samarbeid mellom skotske arkeologar, Papa Stour History Group og Norsk handverksutvikling - NHU.

 

Den delvise rekonstruksjonen av den norske mellomalderstova på Papa Stour, Shetland starta opp på Bryggen i Bergen våren 2008. Det vart gjennomført tre faglege samlingar/mesterklassar med norske og shetlandske handverkarar. 
 Rekonstruksjonen foregikk på Bryggen i Bergen våren 2008. Foto: NHU

Bakgrunnen for prosjektet
Bakgrunnen for prosjektet er utgravingane på Biggings, Papa Stour, der det vart funne restar etter ei norsk tømmerstove, som er omtala i det eldste skriftlege dokumentet frå 1299 på Shetland. I dokumentet som omhandlar ein rettstvist på øya Papa Stour står det at rettsforhandlingane gjekk føre seg i tømmerstova til den norske kongen sin representant på øya.

Utgravingane viser ei stove på 550x770 med moldbenkar og tregolv pluss vernemur på to sider. Dette er ei typisk norsk tømmerstove frå denne perioden og det er parallellar til den stova som vart reist på Holar i 1314, Audunarstova.
På same måte som Audunarstova-prosjektet har NHU lagt opp dette prosjektet som eit utvekslingsprosjekt mellom skotske/shetlandske og norske handverkarar.

NHU sine mål for prosjektet:
- Byggje kompetanse hos handverkarar i mellomalderlafting og tørrmuring.
- Knyte kontakt mellom norske og shetlandske/skotske handverkarmiljø.
- Prøve ut meisterklasse som læringsarena.
- Bygge opp kunnskap lokalt på Shetland hos yngre handverkarar som kan  
  sikre at konstruksjonen blir tatt vare på.
- Halde høgt nivå i alle ledd i prosjektet.

Gjennomføring av prosjektet
Fase 1: Rekonstruksjon av vernemurar. Tørrmuring av vernemurar og svillsteinar vart utført i august/september 2007 på Papa Stour med norske og skotske/shetlandske tørrmurarar. Fase 1 er finansiert av NHU og lokale shetlandske og skotske fond.

Fase 2: Bestod av rekonstruksjon av laftekonstruksjonen i Bergen, transport av konstruksjonen til Shetland med Statsraad Lehmkuhl og montering i juni 2008 på Biggings, Papa Stour.


Tømmeret blir fukta med sjøvatn for        Det skal mange menn til for å
å hindre sprikking på turen.                     bera ein veggstokk.


Bilete syner den rekonstruerte stova med vernemur og oppmuring under svill.Bilete syner den rekonstruerte stova med vernemur og oppmuring under svill.

Laftekonstruksjonen er svill og to omfar tømmer, laga med handverktøy, i findalslaft, ein lafteteknikk frå før svartedauden. Materialkvalitet tett opp til mellomalder. Lagmannsstova på Aga er førebilete for lafteteknikken, slik ho også var det for rekonstruksjonen av Audunarstova. 

NHU gjenomfører fase 2 av prosjektet i samarbeid med Fylkeskonservatoren i Hordaland, Vestnorsk Kulturakademi (VKA) , Stiftelsen Bryggen og Cramo.


Opning av rekonstruksjonen fant stad på Biggings, Papa Stour 20. august 2008.

Prosjektet er ein viktig arena for kompetansebygging innanfor bygningsvernet og for å sikra regional vidareføring av handlingsboren kunnskap innanfor området immateriell kulturarv.