Kvernsteinhogging i Hyllestad

Dokumentatorar Torbjørn Løland, Åfjordstein AS og Atle Ove Martinussen, NHU

Dette prosjektet går ut på kartlegging, dokumentasjon og rekonstruksjon av dei eldste hoggeteknikkane vi finn spor etter i kvernsteinfeltet i Hyllestad.


NHU ønskjer å finne ut kva type reiskap og hoggeteknikk som er brukt for å hogge og ta ut kvernstein av den eldste typen. NHU har tidlegare dokumentert og vidareført hogging av kvernstein etter teknikkar overlevert av tradisjonsberar som kan førast tilbake til om lag mellomalder.

Dokumentasjon av handverket er eit delprosjekt knytt til Hyllestad kommune sitt Kvernsteinsprosjekt. Norsk handverksutvikling - NHU har det faglege og praktiske ansvaret for gjennomføringa, som skjer i samarbeid med Åfjordstein i Hyllestad.

Kvernsteinhogging i Hyllestad

NHU starta i 2006 eit fleirårig prosjekt i samarbeid med Hyllestad kommune med fokus på handverk og teknikk i dei freda steinbrota.

Sporstudie i hoggefelt.

Sporavstøping med silikon i hoggefelt.