Norsk handverksutvikling - NHU har gjennom mange år arbeidd for å styrke bruken av tradisjonelle verktøy og arbeidsmåtar i tømrarfaget og i ulike typar av restaureringsarbeid. Vi vil med prosjektet ”Den tradisjonelle verktøykassa” sikre tilgang på tradisjonelle verktøy i høve til dei ulike regionale tradisjonane.

Det er eit mangfald av ulike tradisjonar på bruk av verktøy og utforming på verktøy. For ganske få år sidan var det mogleg for dei fleste å skaffe seg originale gamle, men brukbare verktøy for eige bruk. I dag har det vorte vanskelegare å skaffe slikt verktøy. Det har også vorte mykje meir vanleg å bruke tradisjonelle verktøy og arbeidsmåtar til bygningsvern.
Vi ser derfor ofte at det vert nytta laftebiler i staden for ryarøkser, svenske ryarøkser i staden for dei lokale norske modellane og dei alt for lette kvistarøksene i staden for dei tunge gamaldagse skogsøksene. Her er det nødvendig med eit kartleggingsarbeid for å sjå på kva verktøy som er mest vanlege og aktuelle i dei ulike regionane i landet.
Vi har i det siste hatt fleire prosjekt der vi har arbeidd med kopiering av gamle verktøytypar. I desse prosjekta har vi ofte støtt på dei same problema kvar gong. Korleis få rett tyngdefordeling i ei ryarøks, korleis få rett vekt og form på ei slik øks, kva stål kan brukast for å få same eigeskapane som dei gamle øksene, korleis få sveisa i eggstålet slik at det ikkje vert skadd eller korleis skal dei ulike øksene slipast og skjeftast? Sjølvsagt er det lokale og regionale forskjellar her men mykje er likt frå tradisjon til tradisjon. Vi vil med prosjektet forsøke å gå inn på desse problema og bruke tid på utprøving, eksperimentering og erfaringsutveksling. Vi vil også skape møtestadar for smedar og tømrarar slik at begge kan være med på utprøving og vurdering av korleis verktøya verkar.
Samarbeid
Vi vil gjerne ha eit samarbeid med dei smedane som arbeider med verktøysmiing og vi ønskjer tilbakemelding frå dei som kan tenke seg å være med i prosjektet. Vi vil også gjerne ha forslag og innspel på typar verktøy eller produksjonsmåtar som vi bør arbeide med i prosjektet. Vi ser for oss å få til regionale samlingar for smedar og tømrarar i tillegg til at vi bør arbeide på tvers av regionane med ulike smitekniske problemstillingar.
I første omgang vil vi arbeide med kopiering av mindre tømrar/snekkerbiler. Vi vil få til nokre smedsamlingar der vi skal ta for oss dette. På den første samlinga vi hadde vart det laga 6 biler som er slipt og skjefta og som skal ut på prøving i ulike miljø. Smedane som deltok på denne samlinga vil også levere ei øks kvar til slik utprøving.
Vi arbeider samtidig med registrering og oppmåling av to veldig spennande verktøysett frå 1860-åra. Truleg vil vi prøve å kopiere ein del av dette verktøyet og då vert det snakk om å smi ein del ulike høvelstål, tappjarn og merkeverktøy. Desse verktøykassene vil også være tema for handverkarsamlingar framover i tid. Vi vil også trekke inn andre handverk i samband med dette prosjektet. Vi har vore inne på snekkar, reipslagar, sagmakar og sagfilar som aktuelle men fleire kan dukke opp etterkvart som prosjektet går framover.

Prosjektet kartlegg og sette inn tiltak for å stimulere fleire til å produsere tradisjonelle verktøy der det er få produsentar.
Prosjektet strekkjer seg over 3 år og er eit samarbeid med bl. a Riksantikvaren, Prosjekt Bryggen, Norsk Smedforening og Rørosmuseet.
Døme på verktøy som kan inngå i eit slikt verktøysett:
Hoggarøks, ryarbile, snekkerbile, smaløks, tappjarn, pjål, boksvinkel, handsag til langved og til tverrved, meddrag, passar/skrap, bandkniv, høvel, navar, sotsnor og haldhakar. Når vi får kartlagt kva som er aktuelt i dei ulike områda vil det gjerne verte fleire verktøy enn desse.
Kontakt gjerne Jarle Hugstmyr vedr. prosjektet tlf. 938 71 517