Kunnskapsdepartementet har gjeve NHU eit tilskot på kr 5 mill. til å vidareføra stipendiatordninga for 3 nye år. Det er understreke frå departementet si side at dette er ei eingongsløyving. NHU har mellom anna i boka "Festskrift 2007" peika på følgjande:
Stipendiatordninga i handverk er eit av dei viktigaste verktøya Norsk handverksutvikling har hatt for å sikre vidareføring av omfattande utøvande handverksfagleg kunnskap og er ein fagleg føresetnad for kompetanseutvikling innan tradisjonelt handverk og nyskaping. Dette gjer det særleg viktig å få formalisert ei ordning for etter- og vidareutdanning av handverkarar på lik line med teoretiske fag.
Sjølv om NHU no har fått 5 mill frå Kunnskapsdepartementet til stipendiatordninga så er det framleis ikkje etablert ei fast ordning for utdanning av handverkarar utover fag-/sveinebrevsnivå. NHU vil difor arbeide vidare for å få til ei slik fast ordning samstundes som ordninga blir vidareført gjennom dette eingongstilskotet. Her er litt av erfaringane frå den tidlegare stipendiatordninga for å gje eit bakteppe for kva dette dreier seg om.
Bakgrunn for tidlegare stipendiatordning
Den direkte utløysande faktoren til stipendiatordninga ligg i gjennomføringa av Reform 94. Gjennom denne reforma var det klart at vi sto i fare for å teoretisere handverksfaga og dermed mista mange generasjonar med akkumulert utøvande handverksfagleg kunnskap. Norsk handverksutvikling tok dette på alvor og har arbeidd med å finna fram til nye læringsarenaer for utøvande handverkarar der den handverksfaglege kunnskapen står i fokus. Dei seinare åra er det også andre miljø som har fokusert på dette området. For handverkarar stoppar den formaliserte utøvande utviklinga med fag- eller sveinebrev.
Det vart difor etablert ei ordning for høgare utdanning i handverk (treårig) i samråd med Kunnskapsdepartementet (i 1995 KUF) administrert og organisert gjennom Norsk handverksutvikling. NHU har hatt det faglege ansvaret og organisert denne prøveordninga frå 1995 til 2006. Målet har vore å prøve ut den pedagogiske kompetansebyggingsmodellen til NHU gjennom ei høgare utdanning for handverkarar utover fag- og sveinebrev, der hovudvekta er lagt på det utøvande. Er det mogeleg å byggje opp handverkarar til å bli dyktigare på det utøvande planet gjennom ei slik utdanning? Prøveordninga er gjennomført for åtte personar sidan 1995 innanfor dei tradisjonelle handverksfaga tømring, maling, smiing, båtbygging, tørrmuring og tekstil (ull). Hausten 2006 avslutta dei to siste stipendiatane prøveordninga. Dei har arbeidd innanfor fagfelta tradisjonell tørrmuring og tømring.
Stipendiatordninga er i hovudsak basert på handlingsboren kunnskap og direkte kontakt med tradisjonsberarar. Dette har si årsak i at det finst mykje kunnskap hos eldre tradisjonsberarar utanfor det formelle opplæringssystemet, som det av fleire grunnar er viktig å få ført vidare. Handverkskunnskap på høgt nivå har ein særleg kompleks karakter som krev at den som skal læra får byggja seg opp over lang tid. Etter tre år er stipendiaten i stand til å utøve faget på høgt nivå, og kan ta på seg særleg vanskelege og kompliserte oppgåver. Han/ho når eit fagleg nivå med ein realkompetanse som gjer dei skikka til å vera lærarar for lærarar. Dette høge nivået i handverk vil med andre ord gjera det mogeleg å løfta det faglege nivået for yrkeslærarar i dagens vidaregåande skule. Omfattande handverkskunnskap er også vilkår for fagleg innfallsvinkel til forsking og utvikling. Delar av det utøvande arbeidet stipendiatane gjer i løpet av stipendiatperioden kan karakteriserast som handverksforsking. Stipendiatordninga ser ut til å vera ein fagleg føresetnad for kompetanseutvikling innan tradisjonelt handverk og nyskaping. Stipendiatane har blitt ”smittsame” fagpersonar på nasjonalt nivå som er viktige for faglege nettverk og utdanningsinstitusjonar (NHU, musea, vidaregåande skular, akademi, høgskular og universitet). Før vi går inn på erfaringane frå stipendiatordninga skal vi sjå litt på kompetansebyggingsmodellen som NHU har utvikla gjennom nærare 20 års feltarbeid.
Den pedagogiske modellen for og basisen i denne kompetansehevinga gjennom stipendiatordninga er fokus på handlingsboren kunnskap. Vi bør sjå litt på kva handlingsboren kunnskap er.
Hans Marumsrud som ”smittsam” fagperson under seminar og fagleg samling på Island i august 2006.
Kva er handlingsboren kunnskap?
Handlingsboren kunnskap som omgrep kom til i Norsk handverksutvikling tidleg på 1990-talet og blir i dag brukt i mange ulike samanhengar utan å vera knytt til arbeidet til NHU. For NHU er dette svært positivt og viser at arbeidet vårt har bore frukter også i andre miljø.
NHU sitt arbeid med overføring av kunnskap i ulike handverk gjennom mange år viser at det er snakk om ein type kunnskap som er knytt til handling og arbeidsprosess. Det er ein prosessuell kunnskap som det er vanskeleg å uttrykkje verbalt, og som det tar tid å overføre til nye fagpersonar. Ein utøvande kunnskap som kjem til uttrykk gjennom handlinga og som blir overført gjennom samhandling mellom personar. Du kan ikkje læra deg eit handverk ved å lesa bøker eller artiklar om prosessane, men det kan vera nyttig tilleggskunnskap. Det er mange som kan mykje om ulike handverksteknikkar og har det som vi kan kalla kunnskap om handverk. Det betyr ikkje at personen er i stand til å laga produktet – altså ”utøve handverket”. For å kunna dette må vedkommande også ha kunnskap i handverket. Vi snakkar altså om kunnskap i og om handverk. Når vi snakkar om utøvande handverkskunnskap, så er det altså kunnskap i handverk vi tenkjer på.
Bruk av open båt i havet vest om Øygarden. Det vil ikkje vera nok å ha kunnskap om bruk av båt for å handtera dette.
Det vil føra for langt i denne samanhengen å gå grundig inn på definisjonen av omgrepet handlingsboren kunnskap. Her er difor referert til Norsk handverksutvikling sin definisjon i kortversjon:
”Handlingsbåren kunnskap er den summen av erfaring og kunnende som i form av handlag, handlingsmønster og oppfatning går i arv fra en generasjon til en annen i et kunnskapsbærende handlingsfellesskap. Ved overføring av handlingsbåren kunnskap er den grunnleggende læreformen herming kombinert med utprøving og personlig erfaring. Det er på samme måte som når vi lærer å snakke. Barn lytter, hermer, prøver ut og eksperimenterer med lyder og lydmønster, etter hvert med ord og sammenstilling av ord. Ved denne kombinasjonen av lytting, herming og utprøving (eksperimentering, erfaring) får de språket så vel som den kunnskapen og den evne til å tenke som språket direkte og indirekte formidler. Vilkår for god språkutvikling er et godt læringsmiljø. Språket er et tydelig eksempel på handlingsbåren kunnskap.”
Mange brukar i dag omgrepet handlingsboren kunnskap på ulike måtar og med ulikt innhald. Mange miljø har i dag adoptert uttrykket utan å setja seg inn i kva det eigentleg betyr og av den grunn blir det også brukt upresist. Bakgrunnen for NHU sin definisjon av omgrepet er mange års arbeid med vidareføring av handlingsboren kunnskap gjennom dokumentasjons- og opplæringsprosjekt, der metodikken er utvikla i direkte samarbeid og kontakt med tradisjonelle handverkarar og tradisjonsberarar særleg i Noreg, men også i andre nordiske land.
Den handlingsborne kunnskapen krev direkte overføring frå person til person for å verta ført vidare. Du får berre tak i kunnskapen gjennom å delta i handlinga/prosessen. Vi kan samanlikne denne kunnskapen med til dømes idrett og musikk som er heilt analogt til handverk. Folkemusikaren spelar i tradisjon etter tidlegare spelemenn, og ein lærer seg ved å herme etter og lære av ein meister. Det gjeld også mange rockemusikarar. Det å lære seg ein slått er knytt til handling – det å spele – og når tonane frå slåtten ebbar ut, er også den kunnskapen som skal til for å spela slåtten vekke. Den finst berre i kroppen og hovudet til spelemannen. Det same gjeld handverk – når bila er ferdig smidd eller når båten er ferdig bygt – er også den kunnskapen som skulle til for å laga det vekke. Kunnskapen finst i handverkaren.
For å få fram gode musikarar, så er alle einige om at vi må starte tidleg. Vi plasserer gjerne ungen i musikalsk barnehage og gjev han/ho privattimar hos ein erfaren musikar frå dei er små. Dei må jo begynna tidleg og øva for å utvikle motorikk og bli gode på instrumentet sitt. Det same gjeld handverk. Kvifor kan vi ikkje ha handverksbarnehagar på line med musikalske barnehagar? Det å lære seg å bruka verktøy burde kunna gå hand i hand med traktering av musikkinstrument. Det ville ha nytteverdi uansett kva ein skal driva med seinare i livet.
Vi skal ikkje her gå inn på sjølve kompetansebyggingsmodellen som er ein relasjonsmodell mellom levande menneske, der tradisjonsberar, fagperson og dokumentator har kvar sine roller. Det kan de lesa i tidlegare artiklar om tema (sjå artikkel i NHU sitt Festskrift 2007/årbok for Maihaugen). Det som er viktig er at denne kompetansebyggingsmodellen fungerer og sikrar overføring av omfattande handverkskunnskap frå ein person til ein annan. Det er snakk om samhandling mellom levande menneske som det grunnleggjande for å skape handlingsfellesskap som gjev grobotn for kunnskapsutvikling.
Det er denne kompetansebyggingsmodellen som mellom anna ligg til grunn for handverkarane si kunnskapsutvikling i stipendiatordninga. Tradisjonsberaren Ole - Karl Prøis på bilete her, var ein svært viktig tradisjonsberar for fleire av stipendiatane og mange av dei handverkarane som har vore med på faglege samlingar i NHU. Han døde diverre i 2006 og omfattande kunnskap om verktøybruk og handverksteknikkar forsvann med han. Det viser også kor viktig det er å halda oppe fokus på den direkte overføringa av handlingsboren kunnskap i samhandling med eldre tradisjonsberarar. Kunnskapen forsvinn med tradisjonsberarane. Vi skal også sjå litt på erfaringane frå tidlegare stipendiatordning for å kunne bruke det i det vidare arbeidet med
Erfaringar frå stipendiatordninga
Erfaringane frå stipendiatordninga er svært positive. Stipendiatane når eit høgt utøvande kompetansenivå gjennom det treårige heiltidsstudiet og er i dag etterspurde i nasjonal og nordisk samanheng, både innan kulturminnevernet og i andre samanhengar. Det er snakk om kunnskap og utøvande kompetanse i handverk på høgt nivå som er avgjerande for kulturminnevernet og nyskaping basert på tradisjonskunnskap. NHU har lagt vekt på både å velja handverksfag som er strategiske for kulturminnevernet (tørrmuring, tømring, smiing, maling) og handverk med kunnskap som er utdøyande (tradisjonell båtbygging og tekstil) i gjennomføringa av prøveordninga for stipendiatar. Det har vore fruktbart og gitt erfaringar som vi no kan byggja vidare på når vi skal få fram eit nytt system for etter- og vidareutdanning av handverkarar frå fagbrev/sveinebrev og opp på høgare nivå. I perioden 1995 til 2006 har følgjande personar fått utdanning innanfor stipendiatordninga:
Stipendiatar 1995 – 1998
Tømrar Hans Marumsrud, smed Bjørn Olav Olesrud og malar Anne Louise Berg
Stipendiatar 1998 – 2001
Båtbyggjar Einar Borgfjord, malar Erlend Mæhlum og tekstilarbeidar Mona Rognan Aarø
Stipendiatar 2003 - 2006
Tømrar Trond Oalann og tørrmurar Espen Marthinsen
NHU ser på stipendiatordninga som det viktigaste verktøyet for å sikra vidareføring av utøvande handverkskunnskap på høgt nivå, både innanfor handverk som står i fare for å forsvinna og i byggrelaterte fag. Kunnskap på dette nivået er avgjerande for å få til eit effektivt og kvalitativt godt bygningsvern. Med utviklinga innan yrkesutdanninga frå Reform 94, nyare og pågåande reformer (Kunnskapsløftet) er det klart at det ikkje er mogeleg å få til omfattande kompetansebygging på eit utøvande handverksfagleg nivå i grunnutdanninga i dag. Det har skjedd og skjer ei aukande teoretisering av yrkesfaga. Det er difor svært viktig at det blir lagt til rette for å gje ei vidare spesialisering etter fagbrev som har særleg vekt på utøvande handverkskunnskap. Det er i dag eit stort behov for denne kompetansen særleg innanfor bygningsvern og kulturminnevern. Med den vernefilosofien som Riksantikvaren legg til grunn for restaurering kalla prosessuell autentisk restaurering, er det viktig å få fram handverkarar som både kan analysere arbeidsmetodar og verktøyspor og -bruk i huset/objektet. Huset/objektet skal restaurerast på huset sine eigne premiss.
Stipendiatane som NHU har fått fram gjennom stipendiatordninga har nådd dette nivået og fleire av dei er i dag aktivt brukt av både Riksantikvaren og andre instansar i kulturminnevernet. Stipendiatane er også etterspurde som instruktørar/kursleiarar i høve opplæring av handverkarar som driv innan restaurering og rehabilitering.
Til dømes blir tidlegare stipendiat Hans Marumsrud i dag brukt som konsulent i Riksantikvaren sitt forskingsprosjekt om stavkyrkjene med særleg ansvar for å dokumentere og avdekkje konstruktive element. Han hadde også ansvar for laftedelen i rekonstruksjonen av det norske mellomalderhuset (Audunarstova) på Holar Island i 1999-2001.

Dette huset er i dag vigsla som biskopstove og brukt til kontor for biskopen og til representasjon o.a. Marumsrud kunne ikkje klart denne oppgåva om han ikkje hadde fått omfattande opplæring i mellomalderlafting som stipendiat i NHU. Dette oppdraget som var i regi av NHU vart også brukt til å byggje den utøvande handverkskompetansen hans opp til eit enno høgare nivå.
Båtbyggjaren Einar Borgfjord har mellom anna utvikla eit eige system for å føra den orginale ”Holvikjekta” tilbake til opphavleg form med basis i den kunnskapen han har tileigna seg gjennom stipendiatperioden.
Den andre sida av stipendiatane sitt arbeid er av nyskapande karakter, der tradisjonell handverkskunnskap inngår i nyutvikling av moderne bygg. Dette for å nemna nokre av arbeidsområda og nytteverdien av stipendiatane. Vi kan her nemna at stipendiatane (tømrar og tørrmurar) saman med NHU er involvert i nyutvikling gjennom ”Sjølvbyggjarprosjektet for ungdom” i Meland kommune (Hordaland) som er finansiert av Husbanken. ”Sjølvbyggjarprosjektet” har mottatt den prestisjetunge ”Det nyttar”- prisen frå KS og Sosial- og helsedirektoratet. I denne samanhengen er det snakk om korleis vi kan bruka tradisjonelle byggeteknikkar og -materialar i nye bustader som konstruktive element og ikkje berre som staffasje og pynt.
Tørrmurarstipendiat Espen Marthinsen har etter han vart ferdig som stipendiat i NHU, vore med å rekonstruere tørrmurte anlegg frå mellomalderen på Papa Stour (Shetland) i eit samarbeid mellom arkeologiske mynde i Skotland og NHU. Kompetansen som han har bygt opp gjennom den treårige stipendiatperioden gjer at han kan brukast i bygningsarkeologiske rekonstruksjonsprosjekt og forsking. NHU har det faglege ansvaret for denne rekonstruksjonen. Dette hadde ikkje vore mogeleg utan at vi hadde bygt opp stipendiatar til det nivået som den forrige stipendiatordninga gjorde mogeleg. Han har også deltatt og hatt ein sentral rolle eit større forskingsprosjekt for Riksantikvaren på leirbruk med utgangspunkt i kompetanse han har opparbeid gjennom stipendiatet sitt. Espen Marthinsen fungerer i dag etter stipendiatperioden si som fagleg fyrtårn i mange handverksmiljø, utdanningsmiljø og han er aktiv i mange prosjekt kring om heile landet pluss i utlandet. Han har også formidla kunnskapen sin over heile landet gjennom kurs og oppdrag. Det er stort behov for kunnskapen hans og han hatt ein markant auke i antal oppdrag etter han var ferdig med stipendiatperioden sin. Han driv i dag eit enkeltmannføretak.
Tømrarstipendiat Trond Oalann er også eit fagleg fyrtårn på sitt fagområde og tek del i oppdrag mange stader i landet pluss utlandet. Han opplevde å få svært mange tilbod om jobb etter han var ferdig og valte å tiltre ein spesialstilling i Hordaland fylkeskommune, der han sorterer under fylkeskonservatoren. Han har særleg ansvar for kompetanse- og kunnskapsbyggande tiltak innanfor kulturminnesektoren og arbeider aktivt med vern og restaurering av kulturminne. Han er også involvert i internasjonale prosjekt i regi av NHU og blir då kjøpt fri frå fylkeskommunen. Trond kopierte og utvikla den tradisjonelle nordnorske skjeltersjåen og tilpassa den til kommersiell produksjon i tre ulike storleikar i stipendiatperioden sin. Dette har ført til at han no er involvert i vidare kommersiell nyutvikling av flatpakka kvilebuer i tradisjonell byggjeteknikk i ulike nasjonalparkanlegg. Dette er eit resultat av kompetansen han bygde opp gjennom stipendiatordninga. Trond blir også brukt til å løysa særleg vanskelege byggjetekniske oppgåver, t.d. i samband med bygginga av eit større verkstadbygg (Husasnotra) i Valsøybotn. Dette bygget tek utgangspunkt i tradisjonelle byggjeteknikkar for store låvebygg og element frå dette blir tilpassa og brukt i verkstadbygget. Han har også drive omfattande kursverksemd og formidling av kunnskapen sin i mange samanhengar. Trond driv også eit enkeltmannsføretak ved sida av arbeidet sitt for fylkeskommunen.
Stipendiatane sitt faglege nivå
Det som også borgar for at NHU har klart å byggja opp stipendiatane til eit særleg høgt nivå gjennom stipendiatordinga er at begge dei to siste, tidlegare stipendiat Hans Marumsrud og fleire handverkarar som NHU har drive omfattande kompetansebygging på over mange år, er valt ut til å vera lærarar på Bachelorutdanninga til Høgskulen i Sør-Trøndelag i teknisk restaurering og bygningsvern. Denne utdanninga er ei nyvinning der det også er lagt inn tilnærma lik mengde praktisk handverk som teori. Dette er nettopp eit av dei viktigaste poenga med stipendiatordninga at vi kan få fram handverkarar på eit så høgt nivå at dei kan fungere som lærarar også for lærarar. Dei kan også inngå i forskingsprosjekt som er relatert til handverk.
Dette viser at stipendiatordninga som NHU har organisert og hatt det faglege ansvaret for ligg på Masternivå om vi samanliknar med høgskule og universitet. Erfaringane med dei tidlegare stipendiatane viser at dei ved å få tildelt særleg store og vanskelege oppgåver etter stipendiatperioden i regi av NHU, klarer å byggje seg opp til eit enno høgare utøvande handverksfagleg nivå. Eit godt døme på dette er Hans Marumsrud sitt arbeid med Audunarstova.