Norsk handverksutvikling i samarbeid med den svenske økseprodusenten Gränsfors Bruk inviterte til seminar om økser og økseframstilling på Gränsfors i Sverige 12. - 15. mai 2010.
Norsk handverksutvikling har gjennom mange år arbeidd for å auke bruken av tradisjonelle teknikkar og verktøy innanfor tømrarfaget og i bygningsvernet. Gjennom prosjektet "Den tradisjonelle verktøykassa" som nå er inne i sitt tredje år har vi arbeidd spesielt med å dokumentere tradisjonelle verktøytyper og sikre nyproduksjon av disse.
Ein viktig del av dette arbeidet er å skape møtestader der ein kan samle fagmiljøet og drøfte ulike problemstillinger.
Øksa har ein spesiell plass i innafor det tradisjonelle tømrarfaget, og viser eit stort regionalt mangfold knytt til bruksområde og hoggeteknikk. I arbeidet med å kopiere ein del av desse tradisjonelle øksetypane blir det klart at me i mange tilfelle står overfor eit tildels svært avansert smedarbeid, og ei forfina funksjonstenking hos dei gamle smedane og tømrerane.
Dei store bilene er ofte svært spesialiserte, og form, vektfordeling, sliping og skjefting heng nøye sammen med hoggeteknikken. NHU ser det som svært viktig å bevare disse regionale hoggeteknikkane eller "øksedialektane", og å sikre nyproduksjon av økser med dei rette egenskapane.

Store biler er tradisjonelt gjerne satt sammen av flere deler som er essesveist. Dette er et stort og krevende arbeid som få mestrer i dag. Øystein Myhre (med slegga), og NHU-stipendiat Terje Granås essesveiser her nakken og bladdelen, "skjegget". Foto: Jarle Hugstmyr - NHU
Arbeidsseminar
Samlinga var eit arbeidsseminar der smiprosesser og arbeids-teknikker vart prøvd ut i praksis.
Deltagere
Det var handverkerar og forskerar frå både Norge og Sverige. Høgskolen i Sør-Trøndelag, Sintef, Nidarosdomens restaureringsverksted, Handverkslaboratoriet ved Gøteborgs universitet, Sôdra-Råda-prosjektet, Gränsfors Bruk og NHU, i tillegg til fleire uavhengige verktøysmedar.