Norsk handverkutvikling, Jærmuséet og Norsk smedforening gjennomførte smikurs på Jærmuseet i november 2005
Norsk handverksutvikling gjennomførte to tredagars smikurs i perioden 15.-20.11.2005 på Jærmuseet i samarbeid med Norsk smedforening og Jærmuseet. Kursa samla totalt 8 kursdeltakarar frå heile landet på kvart kurs. Både museumssmedar og sjølvstendige næringsdrivande smedar. Instruktør var kunstsmeden Peat Oberon frå England og smedane på Nidarosdomen, Torger Henriksen og Odd Inge Holmberget, var medinstruktørar. Peat Oberon driv ein smedskule i England. Det første kurset var eit nybegynnarkurs med grunnleggande smiteknikk. Det andre kurset var for vidarekomne og hadde hovudvekta på ulike smiteknikkar innan kunstsmiing. Peat Oberon viste mellom anna fleire tradisjonelle måtar å feste metall til metall på (mellom anna klinking og essesveising) og det var smidd lysestake, smitang, verktøy og eit bukkehovud med horn på enden av ein grillgaffel.


Kursdeltakarane fekk læra mange smiteknikkar som er grunnleggande for alt smiarbeid og er direkte overførbare til anna smiarbeid. Det vart også laga kompliserte vridde element til lysestakar som også kan brukast i t.d. portar og andre smiarbeid.

Vi vil anbefale interesserte å gå inn på heime sida til Peat Oberon http://www.school-of-blacksmithing.co.uk/ pluss sjå på omtalen av Peat Oberon i Håvard Bergland si bok ’Kunsten å smi’. Informasjon om Norsk smedforening kan de finna på www.kniv.net .

Evalueringa av kurset viste at deltakarane var fornøgde både med kvaliteten på opplæringa, innhald og dei ba om at det måtte bli gjennomført fleire kurs. Det er klart at dette gav meirsmak og samarbeidet mellom Norsk smedforening og Norsk handverksutvikling vil fortsetje i åra som kjem.