Arbeidet med å etablere KTB-nettverket tok til i 2001 etter at mange institusjonar og handverkarar hadde etterspurt eit nasjonalt nettverk for tradisjonelle bygghandverk. Sekretariatet for KTB-nettverket er lagt til Norsk handverksutvikling på Maihaugen og KTB har saman med Museumsnettverk for tradisjonelt håndverk ved Maihaugen etablert nettportalen www.handverksnett.no.
Grunnen til at arbeidet med å etablere Kompetansenettverk for tradisjonelt bygghandverk (KTB) vart starta opp var eit behov for å få i gong tiltak som kunne vera med å fremme arbeidet med kompetanseheving av handverkarar som satsa på tradisjonelt bygghandverk. Det vart gjennomført ein del møter i løpet av 2001 for å etablere nettverket og i februar 2002 vart det gjennomført ei større samling i Kulturdepartementet. Deltakarane som representerte Riksantikvaren, mange av musea, vidaregåande skular, fellesforbundet, BNL-Byggmesterforbundet, fylkeskommunenivået (fylkeskonservator), Norsk Kulturarv, Norsk handverksutvikling, Maihaugen, Nidarosdomens Restaureringsarbeider, høgskular, Teknologisk Institutt, fagforeningar, stiftelsen Bryggen og ein del næringsdrivande viste stor interesse for etablering av nettverket.
I april 2002 vart det nedsett eit interimstyre for oppretting av KTB-nettverket med representantar frå Riksantikvaren, Norsk handverksutvikling, Teknologisk Institutt,
Norges Byggmesterforbund og ein privat næringsdrivande. Interimstyret var i funksjon fram til utgangen av 2002 då det vart oppløyst, men representantane fortsatte som referansegruppe for KTB fram til 6 mai 2004 då styringsgruppa for KTB vart oppretta med følgjande representantar:

Bjarne Vatle, Norsk handverksutvikling
Atle Ove Martinussen, Norsk handverksutvikling
Harald Ibenholt, Riksantikvaren
Knut Audum, Teknologisk Institutt
Per Willy Færgestad, tømrarmeister, sjølvstendig næringsdrivande
Terje Berner, murarmeister, sjølvstendig næringsdrivande
Jørgen Leegaard, Norges Byggmesterforbund
Dorte Klarskov Reksten, Teknologisk Institutt
Torstein Fjeld, Løvenskiold-Vækerø
Det vart inngått avtale om årlege bidrag i minimum 3 år frå Riksantikvaren, Norsk handverksutvikling og Norges Byggmesterforbund for å starte opp nettverket. Styringsgruppa er litt endra ved utgangen av 2005 og består av følgjande institusjonar og personar:
Harald Ibenholt, Riksantikvaren
Atle Ove Martinussen, Norsk handverksutvikling
Jørgen Leegaard, Norges Byggmesterforbund
Per Willy Færgestad, tømrarmeister, sjølvstendig næringsdrivande
Torstein Fjeld, Løvenskiold-Vækerø
Torger Korpberget, Maihaugen-Museumsnettverk for tradisjonelt håndverk
Med tradisjonelt bygghandverk meiner KTB handverk og teknikkar der det gjennom generasjonar er utvikla og vidareført kunnskap både innanfor og utanfor sveine- og fagbrevordninga. KTB skal bidra til å utvikle kompetanse i utøvande handverk innan tradisjonelle bygghandverk og tilgrensande handverk. Vidare skal KTB tilretteleggje og fremme samarbeid.
Det er utvikla ei eiga heimeside www.handverksnett.no der KTB inngår. Heimesida inneheld ein kalenderfunksjon med oversyn over relevante handverksaktiviteter også utanfor musea. I tillegg vil heimesida vera ein møteplass for handverkarar og det vil bli lagt ut ulike typar relevant fagleg informasjon. Nettsida ligg under Maihaugen sine nettsider.
Det er ope for at fleire kan vera med i KTB-nettverket og vi håper at den nye nettsida vil bli til stor nytte for handverkarar og andre aktørar innan tradisjonelle bygghandverk i framtida. Det er viktig at aktivitetar, kurs og anna informasjon, vert sendt inn til sekretariatet for KTB-nettverket som er Norsk handverksutvikling atleove@nhu.no.