Raulandsakademiet er ein av dei få kursstadane i landet, som kan tilby mange ulike kurs innan tradisjonelt handverk.
Vi ser det som ein av våre viktigaste oppgåver å gjera fleire i stand til å halda tradisjonane ved like. Derfor er vi også i år glade for å tilby om lag 80 kurs i ulike fagområde.
Det er så mange ting, som det er spanande å bli med på. Vi kan lokke med fleire kurs innan sølvsmedkunst så som filigran, emaljering, siselering og støyping i sølv.
Du kan velje mellom 15 forskjellige kurs innan trearbeid: lafting, fleire treskjeringskurs, fleire tredreiingskurs, tægerbinding og ølhønekurs.
Vi arrangerar 3 kurs med ein av våre fremste utøverar innan gyllenler, Marit Furulund. Ynskjer du å lære å lage din eigen skinnfell med trykk, vil Brit Solheim lære deg det.
Innan tekstil kan vi tilby kurs i bunadssaum, møbeltapetsering, nålebinding og knipling.
Av andre tradisjonshandverk kan vi nemne bokbinding, kalligrafi, rosemåling og lasering.
Vi må heller ikkje gløyme våre mattradisjonar. Her finn du kurs i ølbrygging og baking i steinomn og på takke. Bodil Nordjore held kurs i pølser og jolepålegg.
Fullstendig kursoversikt sjekk heimesida vår eller ta kontakt med Ann Mari Jore tlf 35 07 32 92